Frammøtte: Sigbjørn Fossdal, Aasmund Lauvdal, Åsulv Horverak, Kåre Einar S. Larsen, Irene Moe, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten
Status pr. 06.11.20, kl.08:00
Kommunedirektør:
Vedk. heimesituasjonen til eldre: Det er sett i gong besøksteneste. Andre aktivitetar er borte.
Vi set ned ei gruppe som kan sjå på situasjonen til sårbare menneske, og kome med tiltak i høve dette.
Kommuneoverlegen
Sterk smitteauke i Noreg. Åsulv går ut i media.
- Kvar enkelt person må gjere ein innsats og ta ansvar!
- Kommuneoverlegen er svært bekymra, det er ein alvorleg situasjon
- Vi kan gjere mykje for å unngå å lukke ned samfunnet att
- Der tykkjest vere fokus på kor langt retningslinene kan tøyast. Dette må ikkje vere fokus no!
- Det er sterkt anbefalt å unngå innanlandsreiser
- Følg dei nasjonale retningslinene
- Det er mykje å vinne og mykje å tape. Dei tiltaka vi gjer no, kan gjere stor forskjell
- Avstand
- Reinhald
- Er du sjuk, må du vere heime
- Ikkje leit etter smutthol i retningslinene
Beredskap
Det er ønskjeleg å få konkrete tiltak for Bygland
Ordførar
Det er svært viktig at fokus ikkje er å finne smutthol i retningslinene.
Vi må tenke på korleis vi kan løyse denne situasjonen i høve sårbare menneske.
Kåre Einar Larsen
Den daglege drifta går greitt med dei tiltaka vi har
Vi har fokusert på å få til ekstra aktivitetar i samband med advent og jol, med fokus på smittevern
Irene Moe
Ungdomsskulen kan fort kome over i raudt nivå.
Anna
Det blir ikkje høve til utleige av kommunale bygg til arrangement der det er alkoholservering.
Alle reiser utafor kommunen må bli avgrensa så mykje som mogleg