Den nye løysinga gir innbyggarar, næringsliv, fagmyndigheiter og saksbehandlarar enkel og rask tilgang til eit digitalt planregister. Eit planregister gir innsyn i korleis areala i kommunen blir nytta. Løysinga fungerer godt både på mobil, nettbrett og PC.
- Ei komplett løysing for forvaltning og innsyn i plandata
- Moderne webapplikasjon tilgjengeleg på alle einingar (mobil, nettbrett og PC)
- Enkelt, oversiktleg og brukarvenleg grensesnitt
- Brukaren kan lett søkje seg fram til rett plan
- Detaljinformasjon om kvar enkelt plan blir presentert på ein oversiktleg måte
- Handterer planar på alle stadier i planprosessen frå forslag til vedtekne planar
- Handterer planar i alle vertikalnivå
- Tydelege meldingar dersom det er forhold ved planen som brukaren må vere spesielt merksam på