Tid og stad:
- Årdalshallen 26. mai kl 18-20
- Grendi grendehus 27. mai kl 18-20
- Bygland kulturscene 31. mai kl 18-20
- Åraksbø grendehus 2. juni kl 18-20
- Ose grendehus 3. juni kl 18-20
Grunna usikker smittesituasjon, så kan det vere vi må endre både på tidspunkt og møtestad.
Følg difor med på informasjon frå kommunen.
Kva er hensikta med kommuneplanen sin arealdel?
Kommuneplanen sin arealdel seier noko om kor utviklinga i kommunen skal skje. Arealdelen inneheld kart, føresegn og retningsliner som skal leggast til grunn for meir detaljert planlegging.
Arealdelen bestemmer korleis vi vil bruke og utvikle de ulike områda i kommunen: Kvar vil vi bygge nye bustadar? Kva område bør bli utvikla først? Kvar skal det vere kultur- og tenestetilbod, handels- og næringsverksemd? Kvar skal det vere grøntområde? Korleis skal vi best mogleg ta vare på natur og landbruksområda i kommunen? Og korleis skal vi kome oss rundt mest mogleg effektivt og miljøvenleg?
Viktige tema for revidering av kommuneplanen sin arealdel
Generelt
- Styrke planføresegnene og gjere dei brukande i den daglege drifta.
Planføresegnene legg føringar for mellom anna detaljreguleringsplanar og byggesaksbehandling. Dei seier noko om korleis areala skal bli nytta og kva som er tillate og ikkje tillate. Det er derfor viktig at føresegnene er gode slik at dei blir eit godt verktøy for innbyggjarane, utbyggarar, administrasjonen i kommunen og andre. - Korrigere planføresegner som er uklare, motseiande o.l.
Føresegnene må vere eintydige og lett forståeleg for alle. - Klimatilpassing
Korleis skal Bygland tilpasse seg framtidig klima?
Bustad
- Planlegging av nye bustadområde
Kvar skal vi ha nye, større bustadområde, og kva for kvalitetar skal desse ha? - Strategi for livsløpsbusetting og universell utforming
Korleis skal vi legge til rette slik at vi tek omsyn til ulik funksjonsevne? - Konsekvensar ved spreidd bustadbygging
Kva positive og negative sider er det ved spreidd bustadbygging?
Næring
- Har vi behov for meir næringsareal? Kva typer næring skal vi legge til rette for?
- Massedeponi og masseuttak
Det er behov for å deponere overskotsmassar, samtidig som det er etterspurnad etter steinmassar i bygge- og anleggsbransjen
Samferdsel
- Fylkesveg og lokale vegar
Er det behov for endringar på fylkesvegar og lokale vegar? - Gang- og sykkelvegar
- Kva må til for å legge til rette for fleire gåande og syklande i Bygland?
- Trafikksikkerheit
Trafikksikkerheit er viktig i samband med nyetableringar. Også i eksisterande område er det behov for ei oppgradering - Parkeringsplassar til friluftsliv og rekreasjon
Friluftsområda i Bygland er viktige for innbyggjarane, og vi må legge til rette for bruk av desse
Friområde og friluftsliv
- Grøntstruktur, fri-, park- og rekreasjonsområde i nærmiljøet
Vi må ta vare på og legge til rette for rekreasjonsområde i nærområdet. Kva område i Bygland blir aktivt brukt? Kva type kvalitetar er viktige i slike område?