PMR si vurdering av høyringsuttalane i møte 03.10.2023
Plan-, miljø- og ressursutvalet (PMR) er styringsgruppe for revidering av arealdelen. Styringsgruppa har hatt to møte etter at høyringsperioden.
- 25.09.23 - Styringsgruppa gjekk gjennom høyringsuttalane og gjorde ei vurdering av desse. Dei utsette vurdering av uttale frå Bygland IL ang område til endurobane.
- 03.10.23 – Styringsgruppa gjorde ei vurdering av uttala frå Bygland IL ang område til endurobane. Dei endra i tillegg vurderinga av motsegna frå Agder fylkeskommune og Statsforvaltaren i Agder gjeldande nytt bustadområde på Frøysnes. I tillegg gjorde dei ei vurdering av seint innkome innspel om tilbakeføring av område til LNF for eigedom 30/2 på Haugemonen.
PMR gjorde vedtak av vurderingar av høyringsuttalane i møte 03.10.23.
Vedtaket med saksframlegg finn du under.
Saksprotokoll - Behandling av uttalar etter 1. gongs høyring
PMR sine vedtekne vurderingar finn du i dokumentet under.
Høyringsuttalar med styringsgruppa si vurdering
Vidare politisk behandling av kommuneplanen sin arealdel blir overført til ny kommunestyreperiode.
Du finn høyringsbreva etter 1. gongs høyring nedanfor, under “Vedlegg”