Vaksinering av barn vil vere mest aktuelt for:
- Barn med kroniske sjukdomar
- Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for vern
- Barn som har auka risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgong til helsetenester enn i Noreg, eller barn som av andre grunnar lever i ein utsett situasjon
Dose 2?
Ein dose blir vurdert til å gi best nytte-ulempebalanse, men det er mogleg å gi dose 2 minst 8 veker etterpå dersom det er ønskeleg. Barn i denne gruppa må bestille time for å få vaksine tilpassa barn.
Desse vaksinane er forventa å kome til kommunen i slutten av januar. Vaksinane kjem med 10 dosar i kvart glas, slik at vi må vaksinere flest mogleg på ein dag slik at vi ikkje må kaste vaksinar som ikkje blir nytta.
Barn og unge 12 - 15 år (født 2006 - 2009)
Desse KAN vaksinerast med dose 2 minst 8 veker etter dose 1
Unge 16 - 17 år (født 2003 - 2005)
Desse BØR vaksinerast med 2 dosar, med tilrådd minst 8 veker intervall
Kontakt
Ta kontakt med Kjersti Plathe tlf. 952 15 572 eller på e-post kjersti.plathe@bygland.kommune.no dersom du ønsker at barnet ditt skal bli vaksinert
Meir informasjon
Koronavaksine - informasjon frå FHI
Alle som ikkje har fylt 16 år på vaksinasjonsdagen, må ha med foreldresamtykke som er signert av båe føresette.
Her finn du samtykkeskjema