Kommuneoverlegen ber passasjerane teste seg og gå i avventande karantene.
Dette gjeld følgjande avganger:
- Linje 170 Bygland - Kristiansand fredag 9. april med avgang frå Bygland kl. 15:20
- Linje 100 Kristiansand - Arendal fredag 9 april med avgang kl. 17:15 frå Kristiansand sentrum
Testing:
Dersom du har vore passasjer på ein av desse avgangene, bestiller du testing ved å ringe til ditt næraste testsenter. Er du i Bygland, kan du ringe legekontoret i på tlf 37 93 47 30) og deretter gå i avventande karantene.
Dette er reglane for avventande karantene:
- Ikkje gå på skole eller jobb
- Ikkje ta offentleg transport
- Ikkje gå på besøk eller ha besøk
- Du kan gå tur, men hald to meter avstand til andre
- Du bør få andre til å handle for deg
- Hald god avstand til andre vaksne og eldre barn i husstanden