Det er eit krav frå Kulturdepartementet at alle kommunane må ha ein tematisk kommunedelplan som grunnlag for løyving av spelemidlar til idretts-, nærmiljø og friluftsanlegg. Kommunedelplanen vart sist vedteken i desember 2019, av kommunestyret
Heile planen rullerast kvart 4 år, men handlingsdelen skal rullerast kvart år.
Det er viktig og sørgje for medverknad i planprosessen. Kommunen ber difor lag og organisasjonar som har planar om å søkje om spelemidlar for 2021 om å opplyse kommunen skriftleg om dette.
Det er ikkje mogleg å søkje om spelemidlar i 2021, dersom ikkje prosjektet er med på denne planen.
Fristen for skriftleg innspel er 20. oktober.
Du kan sende innspel til:
Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland /epost: post@bygland.kommune.no
Merk sak: Innspel til rullering av IFK plan/spelemidler 2021.
Merk at dersom du skal søkje om spelemidlar for 2021, gjer du dette elektronisk på anleggsregisteret.no. Søknaden må vere sendt innan 1. november 2020.
Spørsmål kan rettast til: Anne Fauske, Tlf: 954 10 770, e-post: anne.fauske@bygland.kommune.no.