Det er ingen smitta eller nokon i karantene per i dag
Det har stort sett gått greitt i sommer fram til mistanke om smitte ved konfirmasjonsleir ved Evjetun
Bekymring for auka turisme frå Tyskland/Nederland utover hausten. Ein har fått melding frå Colorline om auka trafikk opp gjennom Setesdal. Det er difor vurdert at risikoen er aukande (oransje nivå)
Alle innbyggarar må difor vere påpasselege og følgje dei grunnleggande smittevernereglane
Viktig å få ut rett informasjon om kva tiltak som gjeld i kommunen, og vi samordnar informasjonen med Evje og Hornnes kommune
Vi har kapasitet til testing av Covid-19 ved legekontora i Bygland. Testing kan bestillast ved å ringe legekontoret
For personar som har vore i utlandet - smittetest gjerast 3. og 7. dag etter heimkomst
Infobrev om skulestart/SFO og barnehage vert sendt ut til foreldre
Utfordring knytt til planlegging av oppstart skule med utgangspunkt gult nivå. Oransje nivå fører til at planane må strammes noko inn
Det er ei utfordring med at ein praktiserer eit sett med reglar i skuletida og at desse ikkje nødvendigvis gjeld i fritida – vanskelig å forklare born og ungdom dette
Per i dag god testkapasitet ved legekontora, men kan bli ei ressursmessig utfordring ved auka pågang
Vurderer å gjenopne Koronatelefonen om presset aukar, må samarbeide med Evje og Hornnes om vidare strategi
Bestilling av hurtigtest for helsepersonell og andre sentrale personar i kommunen
18.08.20: Endring av informasjon i høve hurtigtest: Denne testen viser seg å ikkje vere den type test som blei lova. Det blir difor ikkje bestilt hurtigtest.
Ein har hatt besøksrestriksjonar ved institusjonane gjennom heile sommaren. Same restriksjonar gjeld for varelevering og servicepersonell
Utfordring å handheve retningslinene for smittevern samstundes som ein skal unngå sosial isolasjon for bebuarane. Vi har lagt til rette for alternative aktivitetar
Låg terskel for å isolere og teste bebuarar med symptom på luftvegsinfeksjon
Låg terskel for å teste tilsette som har symptom på luftvegsinfeksjon
Risikoen i dag er relatert til besøkande og tilsette. Her vil vi halde fram med fokus på godt smittevern og handheving av dei retningslinene vi har. Retningslinene blir justert i tråd med situasjonen