Frammøtte: Sigbjørn Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kåre Einar S. Larsen, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgård, Ann-Cecilie Andersen Attestog, Rune Larsson og Jorunn Tveiten

Status pr. 21.08.20 kl. 07:45

Ordførar

  • Koordinering av informasjonen Evje og Hornnes/Bygland
  • Det vil bli sendt ut brev til næringslivet vedk. smittevern

Kommuneoverlege

  • Når menneske som kjem frå Värmland i Sverige returnerer til Noreg, blir dei oppmoda om frivillig karantene. Kommuneoverlegen vedtek at Bygland kommune pålegg 10 dagars karantene ved slike høve
  • Tilsette i Bygland kommune får ikkje reise til kommunar som er «raude». Om ein vel å reise mot tilråding, vil karantenetida ikkje vere grunnlag for sjukemelding
  • Reiseliv: Color Line har oppretta ein frivillig teststasjon på kaia i Kristiansand
  • Karantenetelefonen blir gjenopna (i arbeidstida). Utanom arbeidstid skal det meldast på e-post
  • Bygland kommunehus startar med besøkeregistrering/logg over besøkande til kommunehuset

Helse:

  • Det er ei mengde rapporteringar i samband med Covid-19

Beredskap:

  • Ein bør ha eit møte med Bygland IL i høve aktiviteten i Byglandshallen