Kommunedirektør
- Gjekk gjennom dei nye nasjonale tiltaka frå 3. januar
- Publikumsmottaket blir stengt. Kommunen og sakshandsamarane vil vere tilgjengelege på telefon
- Alle tilsette som har moglegheit for det, skal ha heimekontor dei neste to vekene
- Som hovudregel skal alle møte gjennomførast digitalt. Det vil dei neste to vekene vere fokus på at kun naudsynte møte kan gjennomførast fysisk. Møte i samband med vaksinasjonsprogrammet og andre møte relatert til pandemien er å sjå på som naudsynte.
- Dei kommunale møteromma er stengt for utlån, i første omgong fram til 18. januar
Oppvekstsentra i Bygland
- Det er innført raudt nivå på ungdomsskulen. Dette medfører at ungdomsskulen går over til rutinane for raudt nivå. Barneskulen og barnehagen er framleis på gult nivå.
Helse
- Ein er i gong med å ringe til personar over 65 år som er busette i kommunen for å tilby vaksine. Meir informasjon vil kome fortløpande
Beredskap
- Alle aktivitetar i regi av idrettslaget er avlyst
- Idrettshallen er stengt på kveldstid. Hallen blir brukt på dagtid av barneskulen, men blir steng på kveldstid for å unngå bevegelse mellom ulike kohortar
Ein set i gong koronatelefonen: 941 73 912
Denne er bemanna kvar vekedag mellom 09:00 og 12:00.
Her kan du lese meir om dei nasjonale retningslinene som gjeld frå 4. januar