Frammøtte
Sigbjørn Fossdal, John Salve Sigridnes, Åsulv Horverak, Kjersti Plathe, Ann Cecilie A. Attestog, Camilla Verdal, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Teams)
Agenda
- Eventuell justering av tiltak etter nye retningslinjer fra regjeringen
- Diskusjon av plan for å ta vare på eldre (kaffekoppen)
- Status vaksinering
- Eventuelt
Innleiing frå kommuneoverlegen
Ungdomskulen gjekk over til gult nivå. I kommuneorganisasjonen held ein fram med heimekontor så langt det er mogleg. Ein tenker mykje på den situasjonen vi er i. Vi har kome godt ut av det i desse to kommunane. Der er menneske som reiser ut og inn av kommunane. Vi må difor halde trykke oppe, og halde fram med den felles dugnaden. Ein opplever å ha ein god magefølelse, og vi må prøve å halde fram med den gode samhandlinga.
Sak 1: Eventuell justering av tiltak etter nye retningsliner frå regjeringa
Kommunedirektør:
- Ungdomsskulen gjekk frå raudt til gult. Det gjekk greitt.
- Internt hos oss må vi vere innstilt på å halde fram med heimekontor. I tillegg må ein passe på at ting ikkje sklir ut
- Korleis gjer vi med fellesareala (Kantina, pauserommet nede)? Kommunedirektør ønskjer å stenge fellesareala. Dei tilsette som er på kontoret, må ete lunsjen på kontoret sitt. Kommuneoverlegen er einig i dette. Ein må prioritere å halde viktig møteaktivitet i gong
Konklusjon: Heimekontorordninga held fram. Kantina og pauserommet på kommunehuset blir stengt
2 meters avstand under 15 min. Kan ein ikkje halde desse avstands-/tidskrava, er det ikkje greitt med felles pausar - Publikumsmottaket er framleis stengt
- Det viktigaste er å halde drifta i gong
Sak 2: Diskusjon av plan for å ta vare på eldre (kaffekoppen)
Tiltaket blir iverksett. Behovet er kartlagt, og det er omlag 16 personar i den aktuelle gruppa. Alle gav tilbakemelding om at dette er eit svært godt tiltak. Det er 5 stk som kan tenke seg å få høve til å delta i «kaffekoppen» Ressursmessig vil ordninga kreve omlag ei 20% stilling så lenge koronasituasjonen er som den er.
Ordførar gav innspel om at dette er noko ein må finne midlar til. Kommunedirektøren var einig, og ønskjer å forankre det politisk i formannskapet.
Sak 3: Status vaksinering
Vaksineringa er godt i gong. Vaksinering av kritisk helsepersonell er og så smått i gong. Det er ikkje så mange dosar som kjem kvar gong. Det er kontroll på ressursbehovet.
Massevaksinasjon: Vi er opptatt av å varsle så tidleg som mogleg.
Sak 4: Eventuelt
- Koronatelefonen: Der er ikkje mange som benyttar seg av denne
- Der er ikkje mange testar. Omlag eit snitt på 3-4 dagleg
- Det er 10 personar som er grensa for frammøte på interne møte
- Ein må ta ei vurdering på alternativt lokale for kommunestyremøtet, men formannskap og PMR kan haldast i kommunestyresalen
- Aktivitetar i Byglandshallen og Årdalshallen: Det er opna opp for dei under 20 år
- Styrkerommet i Byglandshallen er ope
- Skjenkestopp: Vi har ikkje grunnlag for å halde fram med skjenkestopp i Bygland så lenge det ikkje er eit stort smittetrykk. Ein presiserer at dette gjeld skjenking til mat. Konklusjon: Bygland kommune følgjer dei nasjonale retningslinene, og oppmoder kraftig om å ha liste over gjestene. Rune innhenter status på utestadene.
- QR-kode til bruk i smittesporing: Rune ser på dette saman med Jorunn
- Kommuneoverlegen er frigjort frå delar av jobben for å få tid til å arbeide koronarelatert. Det er underteikna ein avtale med Evje og Hornnes kommune