Frammøtte: Sigbjørn Fossdal, John Salve Sigridnes, Åsulv Horverak, Kjersti Plathe, Irene Moe, Hind H. Harira, Rune Larsson, Jorunn Sørlie Tveiten
Status pr. 13.11.20, kl.08:00
Kommunedirektør:
- Har hatt møte med Rune om beredskap
- Har fokus på tida framover når det no ser ut til at ein går mot ein ny topp
- Det blir ikkje høve til joleavslutningar for tilsette i år. Ein kan heller ta ei samling når situasjonen har normalisert seg. J.S sender ut ein e-post til alle tilsette om dette
- Oppvekstsentra held joleavslutningar som før, men med sterkt fokus på retningslinene
Kommuneoverlegen
- Vi er heldige og har ikkje fått meir smitte i kommune. Det er påvist Covid -19 i Iveland.
- Det er viktig at fokus er på den felles dugnaden no, ikkje å forsøke å strekke retningslinene. Ved samlingar aukar faren for smitte. Kommuneoverlegen oppmodar om å legge større samlingar «på is» ei tid framover.
Ordførar
- Eldre, uføre og einslege blir meir og meir isolert. Det er sett ned ei kommunal gruppe, og denne gruppa skal orientere i formannskapsmøtet
- Ein skal ikkje prøve å finne smutthull i retningslinene. Ein må på eit punkt sette seg ned for å finne løysingar på til dømes besøksordningar og andre tiltak for eldre, uføre og einslege
Helse
- Kva med dagtilbodet til menneske med alvorlege psykiske lidingar? Kommuneoverlegen svarer at ein må prøve å finne eit nivå der behovet for sosiale møteplassar blir halde innafor smittevernreglane.
- Dei som kjem frå utlandet skal i karantene. Bør det vere eit opplegg for dette? Karantenehotell?
Byglandsfjord oppvekstsenter
- Ein del fråver av barn i barnehagen
- Lite fråver blant tilsette
- Arbeider med pandemiplanen
- Arbeider med opplegg for joleavslutningar som er innanfor retningslinene
Bygland oppvekstsenter
- Arbeider med pandemiplanen
- Ikkje mykje fråver hos barn i barnehagen
- Arbeider med opplegg for joleavslutningar som er innanfor retningslinene
Beredskap
- Orienterte om arbeidet i gruppa med aktivitetar for dei sårbare gruppene. Det vil bli eit alternativt opplegg for desse i jula. Der vil bli presentert forslag til opplegg for desse.
- Når det gjeld joleavslutningar for tilsette, oppmodar fylkesmannen om å ikkje gjennomføre slike samankomster.
Aktivitetar på fritida
- Kva med ungdomsklubben, volleyballtrening, fotballtrening? Dette blir tema på neste møte.
Konklusjon
- Oppvekstsentra presenterer opplegget for joleavslutningar i neste møte
- Arbeidsgruppa presenterer opplegget dei har for sårbare menneske neste møte
- Joleutgåva av Byglandsnytt skal sendast ut til alle innbyggjarar pr. post. Den må innehalde mykje informasjon om kvar sårbare menneske kan få hjelp
- Restriksjonane t.d. på Pleie og omsorg i Bygland og Evje og Hornnes må vere likelydande
- Ta opp korleis ein skal løyse eventuell testing i heilagdagane i jola
- Det er behov for samordningsmøte mellom kommunane Bygland og Evje og Hornnes. John Salve tar initiativ til dette.