Ein opplever i samfunnet no ein auke av RS-virus, vi er i starten på ein influensasesong og i tillegg til dette har det kome ein ny variant av covid-viruset – omikronvarianten.
Med bakgrunn i dette, kalla kommuneoverlegen kriseleiinga inn til møte for å vere i forkant og førebudd på den situasjonen som kan komme.
Kommunane Evje og Hornnes og Bygland har kome langt med å vaksinere innbyggjarane sine. Dei er godt i gong med 3. dose, og startar no planlegginga med å gi 3. dose for dei over 45 år. Men, i tillegg til Covid kan vi få utfordringar i høve sesonginfluensa og RS-virus.
Kommuneoverlegen sine sterke tilrådingar
Summen av momenta lenger oppe på sida, fører til at kommuneoverlegen kjem med følgjande sterke tilrådingar:
- Bruk munnbind på dei stadene det ikkje er mogleg å halde avstand
- Det blir heimekontor for dei som har høve til dette
- Følg dei nasjonale retningslinene for arrangement (t.d. jolebord), men ver klar over at dei nasjonale retningslinene kan bli endra
- Alle må halde seg heime om dei får symptom