Kriseleiinga har jamnlege møte. I dag var det eit kombinert tenesteleiar- og kriseleiingsmøte. Leiar for smittesporingsteamet på Evje og Hornnes var til stades for å dele sine erfaringar med oss
Kommuneoverlege Åsulv Horverak gjorde greie for situasjonen i Evje og Hornnes, i tillegg gjekk han gjennom administrasjonen i Evje og Hornnes sine rutinar i høve smittesporing
Det er ikkje naudsynt å sette i gong ekstratiltak i Bygland slik situasjonen er pr. no
Dei nasjonale retningslinene som blei presentert d. 12.10. gjeld ikkje for Bygland (og Evje og Hornnes) Det vil ikkje bli opna opp meir enn dagens nivå.
Presisering: Kommuneoverlegen anbefaler at skjenkestadene avlsluttar skjenking kl. 24:00 - ikkje kl. 02:00 slik som dei nasjonale retningslinene er endra til no
Møteverksemd på kommunehuset: Det har kome spørsmål om lån av møterom på kommunehuset.
Kommuneoverlegen bed Bygland ta omsyn til smittesituasjonen i nabokommunane. Denne type samlingar kan få store konsekvensar i høve smittesporing - også til andre kommunar