Om kurset
Kurset er eit samarbeid mellom Avdeling for rus- og avhengighetsbehandling i Sørlandet sykehus (ARA), kommunar i Agder (Kristiansand, Arendal og Lister-kommunane), ein pårørande med eigenerfaring og Lærings- og mestringssenteret (LMS).
Kurset er for deg som:
- Ønskjer auka læring og mestring som pårørande
- Ønskjer auka medvit omkring eigne ressursar og moglegheiter
- Ønskjer auka kunnskap om mestringsstrategiar, og korleis du kan ta desse i bruk i eige liv
- Ønskjer å møte andre i samme situasjon og dele erfaringar
- Er over 18 år, og står nær ein med rusavhengigheit
Kurset blir leia av ein representant frå Avdeling for rus- og avhengighetsbehandling på Sørlandet sykehus, ein representant med eigenerfaring som pårørande og ein kommunal representant frå Kristiansand, Arendal eller Lister-kommunane.
Det blir servert kaffe/te/vatn, samt grønnsaker og frukt.
Kurset er for vaksne over 18 år. I enkelte kommunar er det eigne mestringskurs for barn og ungdom (SMIL-frupper).
Har du forflyttingsvanskar: Gje beskjed ved påmelding om behov for P-plass i nærleiken av Lærings- og mestringssenteret (LMS)
Å vere pårørande til nokon som slit med rusavhengigheit kan vere ei belastning. Mange pårørande går ofte med opplevinga av å vere overlatt til seg sjølv med sine tankar, påkjenningar og utfordringar, både følelsesmessig og praktisk. Erfaring viser at det å møte andre i liknande situasjonar kan vere bra i sårbare fasar i livet.
Mestringskurset tilbyr informasjon, rettleiing og støtte til deg som pårørande. Kurset har som mål å auke kunnskap og forståing om kva det inneber å vere pårørande til ein som er avhengig av rus, med fokus på auka mestring i eige liv.
Kurset ønskjer å bidra til større openheit og gjensidig erfaringsutveksling mellom deg som pårørande, og helsetenesta.
Innhald i kurset
- Å vere pårørande: Å forstå rusavhengigheit i eit pårørandeperspektiv
- Familiens verden: Kultur og rollar som kan oppstå i familiar som opplever rus
- Å leve med belastningar: Mestringsstrategiar
- Vegen vidare: Moglegheiter i systemet, eigen mestring og vegen vidare
Praktiske opplysningar:
- Henvisning: Der er ikkje naudsynt med henvisning
- Tidspunkt:
- Arendal: 12., 19. og 26 april og 3. mai 2021
- Flekkefjord: 20. og 27. mai, 3. og 10. juni 2021
- Kristiansand: 4., 11., 18. og 25. mars 2021
- Kurset held på frå kl. 12:00 - 15:00 alle dagar
- Påmelding: Bindande påmelding til Avdeling for rus- og avhengighetsbehandling (ARA) på tlf. 38 13 26 00
- Stad: Lærings- og mestringssenteret, Sørlandet sykehus i Kristiansand, Arendal og Flekkefjord
- Kostnad: Eigenandel for kurset er kr. 300.-