I møte den 7.6.2022 gjorde Plan-, miljø- og ressursutvaletessursutvalet i sak 86/22 fylgjande vedtak:
- Ny flaumvurdering for Åraksfjorden og Byglandsfjorden, jfr. notat frå Norconsult AS av 20.12.2018 blir lagt til grunn i staden for flaumhøgder som går fram av NVE sittaktsomhetskart for flaum og flaumhøgder som går fram av Strandsoneplanen (s.13)
- Ny flaumvurdering med klimapåslag blir overordna alle tidlegare planar og vedtak etter plan- og bygningsloven og skal brukast fram til ny flaumsonekartlegging er ferdig, truleg i slutten av oktober 2022.
Ny flaumhøgder gjeldande frå vedtaksdato, 7.6.2022, blir som fylgjande:
Gjentaksintervall |
Vannstand Åraksfjorden |
Vannstand Byglandsfjorden |
20 år |
204,16 m.o.h |
203,06 m.o.h. |
200 år |
205,62 m.o.h. |
203,96 m.o.h. |
1000 år |
206,55 m.o.h |
204,54 m.o.h |
Verdiane må sjåast på som minimumsverdiar og ein tilrår at det i samsvar med uttale frå NVE blir lagt til ein tryggleiksmargin på + 0,5 m.
Heile saksframlegget med vedlegg finn du lenger nede på sida under Vedlegg