Oversikt over dei siste tiltaka frå kriseleiinga i kommunen:
Kommunen stenger/avlyser:
- Barnehagar og skolar
- Musikk- og kulturskulen
- Biblioteket
- Frivilligsentralen og alle aktivitetar i regi av denne (med unntak av matombringing og evnt. følgjeteneste)
- Utstyrssentralen
- Seniorsenter Pakkhuset på Byglandsfjord
- Teppebowls i Byglandshallen
- NAV Bygland (kan kontaktast på telefon og internett)
- Ungdomsklubben er stengt inntil vidare
- Symjehallen
- Byglandshallen
- Bygland kulturscene
- Ulike treningsgrupper i kommunal regi
Bygland kommune tilrår at alle planlagde treningar, samlingar og aktivitetar på fritid vert avlyst, som til dømes møteverksemd/øvingar i regi av lag og foreiningar. Denne ordninga gjeld inntil vidare.
Alle politiske møte er utsette frå og med 18. mars
Bygland kommunehus
Publikumsmottaket er stengt. Telefonen er open kl. 1000-1400, og vi oppmodar innbyggarane til å ta kontakt med kommunen på telefon og e-post. Om der er eit stort behov for å kome inn på kommunehuset, er der ei ringeklokke der ein kan få kontakt med publikumsmottaket. Denne ringeklokka er på høgre side av inngongsdøra.
- E-post: post@bygland.kommune.no
- Telefon: 37934700
Informasjon om varsling 24
Bygland kommune har tatt i bruk varslingssystemet Varsling 24 for å varsle innbyggjarar i eit geografisk område om hendingar via SMS.
Legekontoret
- Oppsøk ikkje legekontoret og helsestasjonen i Bygland og Byglandsfjord eller legevakt utan avtale.
- Ved mistenkt smitte, ringer ein til fastlegekontoret eller til legevakta. Det vil då bli gjort ei vurdering, og ved eit anteke smittetilfelle vil legen avgjere korleis prøvetaking skal skje. Det vil ofte vere snakk om heimebesøk. Vær budd på at legen vil bruke smitteverntøy.
Helsestasjonstenesta i Bygland
På grunn av smittefare ved Coronavirus og atterhald rundt dette, er helsestasjonstenesta kun open etter avtale. Det er kun avtalar som ein ser på som svært viktige og som hastar, som vil bli gjennomført
Det er svært viktig at du ikkje møter opp til avtalt tid om føresette eller barnet er sjukt.
Det er naudsynte vaksinasjonar som blir prioritert, og det vil bli gjort ei fagleg vurdering i kvart enkelte tilfelle.
Det vil ikkje vere helsesjukepleiar til stades på skolane framover.
Ønskjer du kontakt med helsestasjonen, tar du kontakt pr. telefon.
Besøksforbod helseinstitusjonar
Byglandsheimen og Habiliteringstenesta er stengt for alle besøkande med unnatak av pårørande til pasientar som er kritisk sjuke. Adgangskontroll blir gjennomført ved at ytterdører er låst og besøkande med avtale må ta kontakt på telefon.
- Byglandsheimen: 945 32 942
- Habilitering: 945 02 609
Vi set stor pris på alle dykk som ønskjer å besøkje dei som bur på Byglandsheimen, men vi ber om forståing for at situasjonen no er såpass uavklart at vi ønskjer å skjerme våre bebuarar best mogleg.
Renovasjon
Gjenvinningsstasjonar er inntil vidare stengt for levering frå private. Private som har særskilte behov kan kontakte selskapet pr. telefon: 901 94 724 for å få godkjent levering på førehand – private som kjem utan førehandsgodkjenning vil bli avvist.
Sjå heimeside til Setesdal Miljø og Gjenvinning (SMG) på https://www.smg-iks.no/
Barnehage og skole
Det vil bli gitt eit tilbod til barn av dei som har ein samfunnskritisk jobb, slik at desse skal kunne vere på jobb.
Dette gjeld for barn som har plass i barnehage og elevar i barneskole. Dette tilbodet er i utgangspunktet ope 07:15 – 16:30. Behov for dette tilbodet må meldast inn til skulen/barnehagen i forkant.
Undervisning i den tida skulen er stengt:
Ein arbeider med å få til eit undervisningsopplegg for elevar som er heime.
Heimekontor og færre møte
Bygland kommune innfører også ekstra tiltak for tilsette. Møteverksemd blir redusert og erstatta med digital kommunikasjon der det er muleg. Tilsette blir oppmoda om å ikkje reise utanlands.
Ring rett nummer
De komande dagane ventar vi auka press på både legevakt og nødnummer. Det er svært viktig at befolkninga følgjer dei råd som er gitt om kontakt:
- Informasjon finner du på nettet (fhi.no) eller ved å ringe koronatelefonen 815 55 015
- Er du sjuk, ringer du fastlegen din
- Er det øyeblikkeleg hjelp, ringar du legevakt 116 117
- 113 skal kun brukast ved nødsituasjonar
Bygland kommune ber alle innbyggarar om å delta i dugnaden for å hindre smitte.
Alle kan bidra for å hindre smitte ved å følge Folkehelseinstituttet sine tilrådingar.
Hugs at det er unødvendig å hamstre mat.