I forkant av besøk og ved ankomst
- Avtal besøk på førehand ved at du ringer avdelinga for å avtale tidspunkt. Tlf. 945 32 942
- Den som tek imot besøket skal avklare aktuell smittestatus for besøkande ved å stille desse screeningspørsmåla:
- Er du sjuk/symptom/forkjøla?
- Har du endra smak- eller luktesans?
- Er du i karantene?
- Har du vore i utlandet siste 10 dagar?
- Har du vore i kontakt med nokon med påvist covid-19?
- Besøkande må informerast om gjeldande smittevernrutinar
- Alle besøkande skal utføre handhygiene når dei kjem, óg når besøk gjennomførast utandørs
- Besøkande skal gå direkte til pasienten sitt rom eller til felles besøkstad
Retningsliner for bruk av munnbind:
- Besøkande som er fullvaksinert treng ikkje bruke munnbind når dei besøker fullvaksinerte pasientar, men brukar munnbind når dei besøker ikkje-vaksinerte pasientar (må vise til fullvaksinering)
- Besøkande som ikkje er fullvaksinert får utdelt munnbind og må straks ta dette på. Ved besøk utandørs (og på felles besøksstad) der minst 1 meters avstand blir ivareteke, er ikkje munnbind naudsynt
- Barn under 12 år treng ikkje bruke munnbind
Under besøket
Alle besøkande skal halde minst 1 meters avstand til tilsett og andre pasientar enn den dei besøker. Besøkande skal ikkje opphalde seg i fellesrom, og skal gå direkte til pasientens rom.
Det må ikkje vere fleire besøkande enn at minst 1 meters avstand kan ivaretas.
Tal på besøkande skal ikkje overstige nasjonale anbefalingar.
Retningsliner for avstand
- Fullvaksinerte besøkande treng ikkje halde avstand til fullvaksinert pasient, nærkontakt er tillat.
- Fullvaksinerte besøkande skal halde minst 1-meters avstand til ikkje vaksinerte pasientar.
- Ikkje-vaksinerte besøkande skal halde minst 1-meters avstand til pasientar (både vaksinerte og ikkje-vaksinerte). Unntak ved livets slutt
I etterkant av besøk
Besøkande gjev beskjed til avdelinga når dei går.
Alle berøringspunkter (dørhandtak, armlene osv) skal desinfiserast straks etter besøket.
Annan informasjon
Besøk skal loggførast i 10 dagar for smittesporingsformål, etter 10 dagar skal det makulerast/slettast (det er frivillig for den besøkande å gje frå seg slike opplysingar).
Besøkande som kjem frå eit område med høg lokal smitterisiko må vise til negativ covid-test, som ikkje er eldre enn 72 timar, eller ta ein hurtigtest. Dette gjelder både ved besøk i og utanfor institusjonen.
Lenke til meir informasjon finn du her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/besok-kommunale-helse-og-omsorgsinstitusjoner/