Avvikling av tiltak som nasjonale råd eller reglar står ikkje i vegen for at enkeltpersonar kan velge høgare beskyttelsesnivå for seg sjølv. Til dømes kan dei som ønskjer større beskyttelse mot luftvegsinfeksjonar, velge å halde meir avstand til andre og sjølv bruke munnbind.
Tiltak | Råd og reglar |
Handhygiene | Vask hendene ofte. Bruk såpe og vatn eller alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel |
Hostehygiene | Bruk papirlommetørkle eller albukroken når du hostar eller nys. Kast lommetørkleet og vask hendene etterpå |
Råd ved luftvegssymptom |
Råd ved nye luftvegssymptom (feber, hoste, sår hals, tap av lukt- og smaksans, nedsett allmenntilstand):
Kva tid kan du vende tilbake til jobb, skole etc.?
Når du har testa negativt for covid-19, symptoma er milde og allmenntilstanden ikkje er påverka, treng du ikkje halde deg heime. Ungdom og vaksne kan gå tilbake til skole/jobb når dei er i betring, eller same dag som dei blir testa, dersom indikasjon for testing var milde og symptoma vage. Du kan gå tilbake til skole/jobb sjølv om du har restsymptom som rennande nase eller lett hoste. Det kan gjeld eigne råd for helsepersonell og enkelte andre yrkesgrupper. Særskilt for barn i barnehage og barneskolealder: Barn som kun er snørrete, har tett nase eller kroniske luftvegssymptom, treng ikkje halde seg heime. Barn med nye symptom som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand, bør vere heime og kan gå i barnehage/skole når dei er i betring. Dette gjeld sjølv om barnet framleis har nokre symptom, slik som rennande nase eller legg hoste. |
Testing |
Følgjande personar blir tilrådd å teste seg:
Utvida jamnleg testing blir fasa ut. Bruk av meir tidsavgrensa jamnleg testing kan bli vurdert i situasjonar med utbrot. Om det er større utbrot, kan jamnleg testing i samsvar med FHI si faglege rettleiing vere hensiktsmessig. Til dette føremålet er sjølvtestar ein tilrådd testmetode. Om du testar positivt på ein sjølvtest, tilrår ein å ta ein PCR-test for å stadfeste testresultatet. |
Isolering ved smitte |
Det er krav om at personar som er stadfesta smitta av covid-19, skal isolere seg. Dette gjeld og for vaksinerte. Å isolere seg inneber å halde seg i eigen heim eller på eit anna eigna opphaldsstad isolert frå andre, så langt som mogleg frå andre i samme husstand. Personar som er heimeisolerte, kan avslutte isoleringa 5 døgn etter symptomdebut under føresetnad av at dei har vore feberfrie i minst 24 timar, utan bruk av febernedsettande preparat. Om den som testar positivt ikkje er fullvaksinert og heller ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon, tel ein 5 døgn frå testdato. Ein tilrår ikkje testing på fullvaksinerte personar utan symptom. Om dei likevel skulle teste positivt, bør dei halde seg isolert i 2 døgn med tanke på eventuell symptomutvikling. |
Smittesporing |
Kommunane si rutinemessige smittesporing, bør kun omfatte medlemmer av husstand og tilsvarande nære, slik som kjærastar. Om du er smitta, eller føresett til ein som er smitta, blir du oppmoda til å varsle dine nærkontakter og oppmode til testing. I helse- og omsorgsinstitusjonar og heimetenester, bør det bli gjennomført smittesporing i samsvar til eigne rutinar. |
Råd til nærkontakter |
Uvaksinerte medlemmer av husstanden og tilsvarande nære kontakter til kjente smitta blir tilrådd å avstå frå kontakt med andre i 7 dagar eller til å teste seg. Om du ikkje blir utsett for vidare eksponering, kan du i staden for å avstå frå kontakt med andre, velge å teste deg regelmessig. Det kan anten skje ved:
Vaksinerte medlemmer av husstanden eller tilsvarande nære blir ikkje tilrådd å avstå frå kontakt med andre, men bør teste seg ved symptom. Personar som er nærkontakter, men som ikkje er medlemmer av husstanden eller tilsvarande nært, blir oppmoda til å :
Kommunelegen kan gjere vurderingar rundt bruk av og tilrådingar om karantene. |
Munnbind | Tilråding/påbod om bruk av munnbind kan bli brukt som eit lokalt tiltak ved behov. I helsetenesta er munnbind eit vikitg smittevernstiltak. |