Til deg som har eit ønske:

Dei som ønsker seg noko til jol kan melde inn ønska sine til nokon i lista under. Det kan t.d. vere slik: Jente, 7 år, Lego Friends.
Den som tek i mot ønsket held alt anonymt slik at ingen veit kven som har sendt inn ønsker, bortsett frå kontaktpersonen. Kontaktpersonen har teieplikt. Både born og vaksne kan melde inn ønske! Vi håper så inderleg at du som kjenner at dette hadde vore fint, melder det inn til nokre av kontaktpersonane under. Du treng ikkje kontakte personar i eigen kommune. Ta kontakt med ei av dei du ser på navnelista nedanfor.

Til deg som vil kjøpe ei gåve:

Det vil stå eit joletre på Joker Bygland, Coop Byglandsfjord, Europris Evje og i Evje sentrum. Her kan du velge deg ein lapp med eit ønske som du har lyst til å oppfylle. Du kjøper gåve og leverer den saman med lappen til ein av kontaktpersonane på lista nedanfor. Henter du lapp i Bygland, er det naturleg å levere gåva inn til Frivilligsentralen eller Byglandsfjord grendelag. Tilrådd maks.pris: 500 kroner.
Har du ikkje moglegheit til å gjere dette, fortvil ikkje. Du kan vippse eit beløp til Evje og Hornnes Røde Kors som vil bruke pengane til å kjøpe inn gåver.

Kven tek i mot ønske/gåve? (Kontaktpersonar)

Karina Lislevand, Evje og Hornnes Røde Kors: 905 07 228
May Brit Stenjor, Evje og Hornnes Sanitetsforening: 489 94 455
Harald Aas, Evje Blå kors: 951 55 500
Evje og Hornnes frivilligsentral: 974 18 570
Bygland frivilligsentral: 945 10 770, eller ønskjelapp i postkasse utanfor Frivilligsentralen
Kirsten Lømsland, Byglandsfjord grendelag: 482 56 857

Du kan melde inn ønsket ditt til kven som helst. Vi kan ikkje garantere at alle ønska blir oppfylte.

Kven er vi?

Jolegåvetreet er eit resultat av fleire samarbeidspartnarar: Evje og Hornnes Røde Kors, Evje og Hornnes Sanitetsforening, Evje Blå Kors, Byglandsfjord grendelag, Bygland frivilligsentral, Evje og Hornnes frivilligsentral og kyrkja i Evje og Hornnes.

Dette har vore eit tilbod i Evje i fleire år, og vi er no så heldige å få vere med på å arrangere dette opplegget.