Utsett frist for innspel

I samband med planlegging av ope møte med fokus på landbruks- og utmarksnæring i kommuneplanen sin arealdel, vil vi gjerne engasjere eksterne bidragsytarar. Det syner seg at dei ikkje kan den oppsette datoen i september. Vi ønskjer difor å gjennomføre møtet i oktober. Møtet vil bli annonsert.

Det gjer at vi forlenger fristen for å kome med innspel til 1. november 2021.

Innspel

Du kan sende inn innspel om endra arealbruk for eit område, eller viktige omsyn kommunen bør vurdere under arbeidet med planen. Dersom innspelet gjeld endra arealbruk, må det leggast ved eit kartutsnitt som tydeleg markerer området det gjeld.

Bruk helst skjemaet under for å sende inn  arealinnspel. Alternativt kan du sende det til post@bygland.kommune.no eller til Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland

HER finn du skjemaet du skal bruke om du ønskjer å kome med innspel til arealdelen