Tilskot til etablering i eigen bustad for 2016
Bygland kommune har midlar frå Husanken til etablering i eigen bustad. Personar som ikkje klarer å betene eit startlån som er stort nok til å finansiere ein eigna bustad, kan få tilskot til etablering.

Tilskot til etablering skal bidra til å skaffe seg eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tilskotet skal og sikre at vanskelegstilte kan bli buande i eigna bustad.

Kven kan få tilskot til etablering?

  • Tilskot til etablering blir gitt til enkeltpersonar/husstandar med varig lav inntekt og som ikkje er i stand til å betene fullt lån til eigna bustad. Ordninga er behovsprøvd og bare dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få tilskot.

Bygland kommune har nå midlar til etablering i eigen bustad. Dersom du meiner dette passar for deg, eller om du treng informasjon, kan du ta kontakt med NAV Bygland.

Søknadsfrist: 29. september 2016

Lenke til søknadsskjema

Tilskot til tilpassing av bustad for 2016
Bygland kommune har midlar frå Husbanken til tilpassing av bustad.

Treng du å tilpasse bustaden din? Då kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.

Ved å tilpasse ein bustad, meiner vi å gjere den eigna slik at du kan fortsette å bu i den, sjølv om du har nedsett funksjonsevnt. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behovet for tilskot blir vurdert utifrå husstanden sin økonomiske situasjon på sikt.

Det finns både låne- og tilskotsordningar som kan gjere det mogleg å tilpasse bustaden din.

Kommunen sin sakshandsamar vil kunne hjelpe til med å finne fram til dei moglegheiter som finns for deg.

Kven kan få tilskot til tilpassing?

  • Husstandar eller enkeltpersonar som treng tilpassing av bustaden
  • Eldre som ønskjer å utføre førebyggjande tilpassingstiltak

Kva kan det blir gjeve tilskot til?

  • Både enkle tiltak for å betre tilkomsten til bustaden og til større ombyggingar for å tilrettelegge bustaden
  • Både eigd og leigd bustad

Bygland kommune har nå midlar til tilpassing. Dersom du meiner dette passar for deg, eller om du treng meir informasjon, kan du ta kontakt med NAV Bygland.

Søknadsfrist: 29. september 2016.

Lenke til søknadsskjema