- Det er pr. 17.03.20 kl. 09:00 ingen nye tilfelle med smitte. Mange er i karantene
- Bygland kommune oppmodar alle som er i fritidsbustader, og som ikkje er folkeregistrert i Bygland kommune om å reise heim til sin eigen kommune
- Der vil kome informasjon på heimesida om kva ein skal gjere om ein får ein "vanleg" forkjølelse
- Vitus apotek på Evje kjem til å vere ope
- Kommuneoverlegen har vore i kontakt med nødetatane om korleis dei skal forhalde seg om dei har utrykking der det kan vere smitte
- Besøksforbodet på omsorgsinstitusjonar står fast
- Det blir oppretta eit telefonnummer der ein kan melde frå om ein blir satt i karantene
- Alle politiske møte blir avlyste frå og med 18.3.20 og fram til etter påske
- Ordførar ønskjer å få sendt ut informasjon til innbyggjarane på Varsling24
Kriseleiinga skal ha nytt møte 18.3.20 kl. 09:00
Ein oppmodar alle om å følgje med på www.fhi.no og www.regjeringen.no