Dei som har intervall på 20 veker mellom 2. og 3. dose vil få innkalling på SMS når lista er klar. 

Vi ber om at alle svarer eller tar kontakt på telefonnummeret som står i meldinga! 
Vi vaksinerer dei vi kan 4. og 11. januar. Vaksineringa den 11. januar vil skje i Byglandshallen.

Det er viktig at alle tar med utfylt eigenerklæringsskjema. Du finn lenke til skjemaet lenger nede på sida.

Om du ikkje har tatt første dose, kan du bestille time for dette.