Adressa til legesenteret på Evje er: Evje og Bygland legesenter, Ljosheimvegen 5, 4735 Evje
Ein minner om at det ikkje er muleg å kome på drop-in på legesenteret. Alle må bestille time i forkant.
Dei som treng transport til legesenteret, kan bestille dette via telefon på legesenteret.
Slik bestiller du legetime:
- Anten ved å ringe telefonnummer 374 07 900
- Eller ved å bestille via www.helsenorge.no
Hugs også å bestille reseptar i god tid, no som det nærmar seg sommar og ferieavvikling. Reseptar kan, for mange, bli fornya via http://www.helsenorge.no. Dersom fastlegen din er i permisjon eller liknande, må ein ringe legesenteret for å få fornya resepten.
Vi er lei for dei ulempene dette måtte medføre, og bed om forståing for at det kan vere pågang på telefonen.