Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Skype)
Status pr. 19.03.20. kl. 09:00
- Det er ingen smitte på Byglandsheimen
- Det er igongsett hastetransport av koronaprøver til sjukehuset
- Drift og forvaltning reduserer temp.- og ventilasjonanlegg i dei bygga som ikkje er i bruk (oppvekstsentra, idrettshall og andre bygg)
- Symjehallen blir klargjort for planlagt vedlikehald
- Retningsliner for opptak på oppvekstsentra i denne perioden: Det er utarbeidd forslag. Rådmannen ser på dette i dag
- Det blir utført nedvask på legekontoret
- Helseavd. har sjukepleiarar som kan omdisponerast
- Ein arbeider med å få plass løysingar som mogleggjer at politiske møte blir gjennomført som fjernmøte. Personal og administrasjon skal ha møte med rådmannen seinare i dag om dette
Konfirmasjon: Kyrkja har avgjort at dei planlagde konfirmasjonane blir utsette til hausten
17. mai-feiring: Bygland kommune avventer statlege føringar på dette