Ein treng ikkje timeavtale, men må rekne med litt ventetid.
Heimesjukepleien vaksinerer dei som har teneste frå heimesjukepleien.
Personar som ikkje er i målgruppa må kontakte fastlege for resept.
Vi gjer merksam på at dei som er i ei risikogruppe, men ikkje er folkeregistrerte i Bygland kommune, må ta kontakt med sin heimkommune for å få gratis vaksine.
Målgruppe for influensavaksinering
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal og få tilbod om influensavaksine
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
- Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- kronisk hjarte-/karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk), spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
- diabetes mellitus, type 1 og 2
- kronisk leversvikt
- kronisk nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
- nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
Andre målgrupper
I tillegg blir influensavaksine tilrådd til følgjande grupper, primært for å verne andre (indirekte vern):
- helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling og pleie
- personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
- svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar