Om du ynskjer å dele eigedomen din, må du søkje kommunen om godkjenning.
Ved deling av eigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt og oppretta som ein eigen eigedom (matrikkeleining) med eige gards- og bruksnummer. Den nye eigedomen vert registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregister og eigedomskart).
Føresegner kring deling av eigedom finn ein mellom anna i plan- og bygningslova § 26-1. Sentrale temaer for frådeling av ny byggetomt i uregulert område (LNF-område) er veg-, vass og avlaupsløysingar.
Delingssøknaden skal innehalde:
- Søknadsskjema
- Situasjonskart
- Kvittering for nabovarsling
- Ei utfyllande grunngjeving for søknaden
- Veg, parkering, vass- og avlaupsløysingar
Skjema og rettleiingar
Bestilling av oppstartsmøte for reguleringsplan
Skøyte
Rettleiing i utfylling av skjema
Erklæring om rett i fast eigedom
Rettleiing i utfylling av skjema
Festekontrakt
Rettleiing i utfylling av skjema
Søknad om kjøp av kommunal tomt
Skjema for søknad om deling/justering av grunneigedom