Ved større ulykker er det viktig at alle krefter blir sett inn i ein samordna innsats for å avgrense skadeverknadane. Normalt er det den sivile redningstenesta, leia av politiet eller det interkommunale brannvesen, som rykker ut til brannar, uhell og ulykker. Den sivile redningstenesta i Noreg er eit samvirke mellom ei rekkje offentlege etatar, friviljuge organisasjonar og private selskap med ressursar innan redningsteneste.
Bygland kommune sitt ansvar i ein krisesituasjon er å delta i arbeid med skadeavgrensande tiltak for å sikre menneske, miljø og økonomiske verdiar.
Kommunale myndigheiter har ansvaret for at ein har beredskapsførebuingar innan dei ulike kommunale verksemdsområda, samt eit generelt ansvar for innbyggjarane sitt ve og vel i ein krisesituasjon. Bygland kommune har ein samordna plan for kriseleiing i kommunen, som er eit naudsynt hjelpemiddel for raskt å kunne reagere rasjonelt og effektivt i kritiske situasjonar.
BEREDSKAP – HENDELSESOMRÅDE
Hendelse |
Kontakt |
Telefon |
Brann – utrykking |
|
110 |
Politi – utrykking |
|
112 |
Ambulanse – utrykking |
|
113 |
Etablering av kommunal kriseleiing – større hendelsar |
Leiar kriseleiing |
94 53 29 55 |
Psykososialt kriseteam |
Leiar kriseleiing |
94 53 29 55 |
Barnevern (har ikkje vaktordning) |
Marie Lovise Johnsen |
94 51 48 23 |
Veterinærvakt |
Olav Robstad |
48 11 79 84 |
Teknisk vakt |
|
97 00 47 45 |
Aust-Agder fylkeskommune |
37 01 73 00 |
|
Mattilsynet |
0604 |
|
Folkehelseinstituttet |
21 07 70 00 |