Kulturmidlar:

  • Det kan bli gjeve kulturmidlar til lag, organisasjonar, institusjonar og personar som driv eller vil starte kulturverksemd i Bygland kommune.
  • Det vert ikkje gjeve kulturmidlar etter desse retningslinjene til kommersiell kulturverksemd.

Tilskot til kommersiell kulturverksemd skal vurderast konkret frå sak til sak. Det skal då bli lagt vekt på næringsmessige og andre ringverknader i Bygland kommune.

  • Er ein organisasjon delt opp i ulike grupper/avdelingar eller liknande skal søknader bli sendt gjennom hovudlaget.
  • Organisasjonar som driv interkommunalt kan få tilskot i høve kor mange medlemmer dei har i Bygland kommune og til aktivitetar/tilskipingar/investeringar i Bygland kommune.

Det vert ikkje gjeve tilskot etter desse retningslinjene til:

  • Lag som primært tek vare på yrkes- og økonomiske interesser til medlemmene.
  • Politiske parti og politiske aksjonar.
  • Organisasjonar som ikkje er opne for alle
  • Reint kommersielle tiltak

Er det tvil om ein søknad kjem inn under retningslinjene vert det avgjort politisk om søknaden kjem inn under desse retningslinjene.

Driftstilskot
Slikt tilskot kan vi gje til dei som driv kontinuerleg kulturverksemd. Søknadsfrist 1. mai.

Det vert gjeve driftstilskot ut frå desse kriteria:

  • Søkar må nytte godkjend søknadsskjema
  • Rekneskapsopplysningar må vere bekrefta av revisor.
  • Søkar må opplyse om aktivitetsnivået i laget, eller legge ved årsmelding.
  • Det vert gjeve tilskot med ein sum pr. betalande medlem
  • I tillegg vert det gjeve tilskot med ein sum pr. betalande medlem til og med fylte 18 år.
  • Dersom årsmelding/rekneskap syner liten aktivitet hjå søkaren skal tilskot bli redusert etter skjønn.

Tilskot til særskilde tiltak og tilskipingar

Under føresetnad av at tilskiping/tiltak vert arrangert, vert utført eller vert leia av lag som fell innanfor ramma av desse retningslinene kan vi gje tilskot til særskilde tiltak og tilskipingar.

  • Søknad må kome inn i god tid før tilskiping/tiltak.
  • Det er ein føresetnad at det vert lagt fram truverdig budsjett og at det vert gjort greie for korleis ein vil gjennomføre tilskipinga/tiltaket.

Oppstartstilskott til nytt lag.

Søknad om oppstartstilskott må innehalde:

  • Formålet med laget
  • Plan for arbeidet med laget
  • Vedtekter eller tilsvarande for laget
  • Medlemsoversikt for det nye laget

Generelt oppstartstilskot på kr 2 000 vert gjeve til dei lag og organisasjonar som ein finn truverdige.

Tilskot til eingongsinvesteringar / prosjekt.

Slike søknader må innehalde så god orientering og plan for investeringa/prosjektet som råd, oversikt over kostnader og finansiering og eventuelt revidert regnskap for siste året.
Kvar enkelt søknad skal vurderast som eiga sak.
 

Døme på søknader som kan få tilskot er: korpsdrakter og instrument, ubetring og renovering i forsamlingshus/kulturbygg, lydanlegg, nærmiljøanlegg, leikeplassar og tilsvarande.

Det er eit vilkår at det vert søkt om tippemidlar til tiltak som kan få dette.
Det må vere ein viss storleik på investeringane, totalkostnaden må vere på minst kr 20 000.

Målgruppe:

  • Vi skal prioritere tiltak/tilskipingar som er retta mot barn/unge og folk i alle aldrar.
  • Det vert ikkje gjeve tilskot til tilskipingar der det vert seld alkohol.
  • Det skal bli lagt positiv vekt på bruk av lokale kulturkrefter, frå Bygland/Setesdal og/eller med nær tilknyting til Bygland/Setesdal.
  • Nytenking og nyskaping skal vektleggjast positivt.
  • Tiltak som er knytt til Setesdalkultur, både tradisjonsbevarande og nyskapande, bør Bygland kommune stø opp om.