Bygland kommune publiserer postlister på internett. (Ver klar over at dette søket tar litt tid).

Opplever du problem med å få opna postlista? HER kan du finne løysinga

Innsyn i sakshandsaminga aukar innbyggjarane sitt engasjement for lokaldemokratiet, og gjev mulegheit til å kontrollere og påverke kommune si verksemd.

Om du ikkje finn saka di, kan det ha fleire årsaker:

  • Er saka di eldre enn eitt år? Då kan den ha blitt fjerna frå Innsyn. Du kan likevel ha høve til å be om innsyn. Kontakt arkivet for hjelp
  • Personalmapper og elevmapper ligg ikkje på Innsyn. Du kan likevel ha høve til å be om innsyn. Kontakt arkivet for hjelp

Du kan be om innsyn i dokument som er unnatekne offentlegheit. Bygland kommune praktiserer meiroffentlegheit, og kan gje innsyn etter at opplysningar underlagt teieplikt er sladda bort. Om ein må sladde så mykje at det resterande gjev eit misvisande bilete av innhaldet, eller at dei sladda opplysningane utgjer det meste av dokumentet, kan ein likevel nekte innsyn.

Ver klar over at ved enkelte tilfelle har kommunen ikkje høve til å offentleggjere dokument (ifylgje lovverket), medan i andre tilfelle skal det vurderast.

Innsynskrav sender du direkte frå postlista. Arkivet vil då få ein epost slik at me kan vurdere innsynskravet. Les meir under avsnittet "Innsyn" - "Om offentleg innsyn"