Bygland kommune har meldt seg inn i konseptet "Sykling utan alder" http://www.syklingutenalder.com, og er såleis no ein del av fellesskapen i Noreg (og Danmark) når det gjeld eldre sin "rett" til å få vind i håret.

Ordførar Leiv Rygg og rådmann Aasmund Lauvdal var blant dei fyrste som fekk høve til å prøve sykkelen. Med aktivitør Margit Smedsland som pilot og kunnig vegleiar, fekk dei ei kort innføring i korleis sykkelen fungerer.

Pleie- og omsorgseininga vil i løpet av den næraste tida starte med opplæring av dei tilsette, så mange får moglegheit til å bli pilotar på sykkelen. Om det finns friviljuge som kan tenke seg å bli pilotar, er det berre å ta kontakt med oss i Pleie og omsorg.

Litt informasjon om sykkelen:

  • trioBike Taxi er ein av dei mest populære taxi-syklane på marknaden. Den danske produsenten leverar syklar av høg kvalitet med ei rekke føremonar:

    1. Det unike fotbrettet bidreg fyrst og fremst til at det er mye enklare for eldre å setje seg i sykkelen. Men det gjer det og mogleg at éin person aleine kan ta de eldre på tur. Det krevjas ikkje at éin person held sykkelen i motvekt, mens ein anna hjelper passasjerane av og på sykkelen.

    2. Sittebredda i kassa er den klart største på marknaden. Den er på heile 90 cm. Til tross for dette, er ikkje sykkelen breiare enn 94 cm totalt. 

    3. Den høge bakkeklaringa og det smarte fotbrettet gjer det mogleg å kome til med personløftar. 

    4. Sykkelens ramme er i aluminium, noko som gir låg eigenvekt. Dette gjer den ekstra lett manøvrerbar når den skal flyttas, og lettare å sykle om ein skulle være uheldig å gå tom for strøm på turen. 

    5. Sykkelen har ein kraftig el-motor som gir god assistanse i motbakkar

    6. Låsbar handbrems gjer sykkelen sikker ved av- og påstiging


Rickshaw.jpg