Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Alle gjeldande planar

Vedteken Planstrategi for Bygland kommune

Kommunal planstrategi er ikkje ein plan i seg sjølv. Gjennom å drøfte utviklingstrekk i kommunen som samfunn og organisasjon, skal strategien vurdere og avklare kommunen sitt planbehov for den kommande valperioden. Målet er å vurdere om kommunen sitt planverk har eit tilstrekkeleg omfang og er oppdatert til å møte utfordringane. Ein kan også nytte moglegheita til å oppheve planar som ikkje er aktuelle lengre

Foto: Pixabay

IFK-plan 2020 - 2023

Nedanfor finn du den vedtekne IFK-planen for 2020 - 2023. (Plan for idrett-, friluftsliv-, fysisk aktivitet og kulturanlegg)

Kommunen informerer

Reguleringsplanen for Presteneset vart vedteken i kommunestyret den 27.02.2019

Formannskapet sitt vedtak om oppstart av planarbeidet sa mellom anna følgjande:

"Gjennom dette prosjektet skal Bygland kommune søke å skape næring og attraktive husvære ved å utnytte dei naturlege føresetnadane som er i Bygland kommune. Attraktive fjordnære tomter med kort avstand til offentlege og private sentrumsfunksjonar, og med vekt på tilknyting til tilrettelagte friluftsområde og fritids- og kulturtilbod. Gjennom utvikling av prosjektområdet skal Prestlidi med Byglandsheimen bli knytt saman med sentrumsområdet i Bygland. Slik vil dei mest tettbygde områda i Byglandsbygda bli knytt saman med handels- og sørvisfunksjonar på ein naturleg og harmonisk måte.

Husværa i området skal vere eit suppelement til eksisterande butilbod. Ein kombinasjon av leilegheitsbygg som høver for folk som vil overdra sine einebustader/våningshus til neste generasjon og som også kan vere passande for familiar i etableringsfase - samt større husvære som passer for familiar som ikkje ønskjer tradisjonelle einebustader."

Strandliv

Detaljregulering for Nesmoen massetak

I møte den 13.12.2018 sak 68/18 vedtok kommunestyret fylgjande: "Med heimel i Plan- og bygningslova §12-12, 1. ledd vert detaljreguleringsplanen for Nesmoen massetak med planid 201801 og tilhøyrande føresegner, med siste revisjonsdato 14.11.2018 godkjent"

Kommunen informerer

Heiplanen

Den 27. april kom brevet frå Miljødirektoratet om at forvaltningsplanen er endeleg godkjent.

Frå Prostøyl i Dyraheio