Dag Svindseth, brannsjef ØABV, skriv på vegne av brannsjefar i Agder:
St. Hans-feiring og bål: Dagens værprognoser tyder på at det vil vere forsvarleg å tenne opp St. Hans-bål enkelte stader. Det blir ikkje gitt ei generell åpning for brenning av St. Hans-bål, då den enkelte må vurdere sikkerheita rundt dette sjølv, og ta ansvar for det. Det tyder at det må vere ein/fleire ansvarlege for bålbrenninga, dette gjeld frå opptenning til bålet er forsvarleg slukka.
 
Vi veit at nokon i lengre tid har samla materiale for å brenne St. Hans-bål 23. juni. Her minner ein om at det kun er reint tremateriale som er lov å brenne.

For meir informasjon om bål og brenning, sjå her