Kommunevåpnet for Bygland er:

PÅ GRØN GRUNN EI OPPSPRINGANDE GAUPE I GULL

Kommunen nyttar kommunevåpnet «med bevæpmning» det vil seie at ein let klør, augo og tenner vere kvite (sølv) og tunga raud. Motivvalet har føljande grunngjeving: Den grøne fargen symboliserar at kommunen er ein landbrukskommune med store skog og heividder. Jord- og skogbruk er dei viktigste næringsvegane i kommunen. Gaupa er knytta til skogkledde, storkupert landskap med bratte liar som strekkjer seg opp mot høgfjellet. Bygland er første kommunen i sjølve Setesdal når ein kjem nordover frå kysten. Her møter ein bratte skogkledde fjellsider som har gjeve livsvilkår for kanskje den sørlegaste reproduserande gaupestamma i landet. Gaupestamma i Bygland har vore mykje framme i media då det har vore gjennomført fangst av levande gaupe som eit ledd i eit forskningsprogram.

Kommunen ser det såleis at gaupa symboliserar «porten» mellom reint jord- og skogbrukslanskap i låglandet til eit «villare» og meir fjellrikt landskap. Den oppspringande profilen kan vere med å understreke det bratte landskapet som er typisk leveområde for gaupa.