Risikogrupper som årleg bør vaksinere seg mot sesonginfluensa, og som kan få vaksine:

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester), gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjarte- og karsjukdom, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
    • nedsett infeksjonsresistens
    • svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks - KMI - over 40)
    • andre alvorlege og/eller kroniske sjukdomar der influensa er ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Influensavaksina kostar kr. 100 + eigenandel på kr 54. Du kan møte opp i opningstida på legekontoret, men må rekne med noko ventetid.