Bygland kommune starta tidlegare i år med å sende ut posten digitalt. I praksis tyder dette at dei som har digital postboks (Digipost eller e-Boks). vil få brev frå det offentlege der. Har du ikkje det, eller om du har reservert deg, vil brevet bli printa ut og sendt til postkassen din.  Verksemder får brev frå det offentlege i Altinn.

Det er ei rekke fordelar ved å opprette ein digital postkasse:

  • Det er tryggare enn all annan postgang
  • Det er gratis å bruke
  • Du mottek og oppbevarar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder
  • Du får viktige brev der du er
  • Du får melding på SMS eller e-post når du har fått brev

To val:
Du kan pr. no velge mellom to postkassar - Digipost eller e-Boks. Postkassane er likestilte og båe tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit. Det er gratis å opprette og bruke postkassen. Du kan enkelt bytte postkasse seinare om du ynskjer det.

Om du tykkjer dette høyrest interessant ut, kan du lese meir om digital postkasse HER