Kurset vil gi innføring i grunnleggande kunnskap om det å vere skogeigar. Kven du skal kontakte eller kor du kan finne informasjon om hogst, ungskogpleie, planting, skogfond og søknadar m.m.

Kurshaldar er Kåre Haugaas som er styreleiar av skogselskapet i Agder og er forfattar av boka "Førstehjelp for nye skogeiere på Agder".

Fyrste kurskveld er 3. mai klokka 18:00 i Sentrumsbygget i Evje, medan andre kurskveld blir avtalt med kursdeltakarane fyrste kvelden ut frå kva som høver med omsyn til stad og tid. Andre kurskveld vil vere ute i skogen, og då gjerne hjå ein av kursdeltakarane.

Det vil vere enkel bevertning i løpet av kvelden.

Påmelding til Øivind Aakhus tlf. 952 01 695 innan 25. april
Arrangør: Skogeigarlaga i Setesdal og Skogselskapet i Agder