Kommunen vår er rik på kulturminne. Det moderne samfunnet vårt gjev oss utfordringar i høve korleis denne kulturarven skal forvaltast. Bygland kommune skal no utarbeide ein eigen kulturminneplan, og historikar Leonard Jansen er engasjert til å utarbeide planen. Vi inviterer med dette til eit ope informasjons- og innspelsmøte på kommunehuset torsdag 3. mai kl. 19.00. Velkomen! 

Kontaktperson Bygland kommune:
Kjell Ø Berg: tlf 379 34 756 / mob 918 63 403.