Med hjarta i Bygland

(Frå kommuneplanen)

Bygland kommune har eit vakkert landskap, med Byglandsfjorden og fjell som ramme. Naturen og årstida sine variasjonar er tydelege, noko som gjev seg utslag i høge sommartemperaturar. Fjorden og heia er attraktive rekreasjonsplassar for bygdas innbyggjarar og besøkjande.

Fjorden, med si over 100 km strandlinje, innbyr til eit godt båtliv. Kvar og ein kan og finne ”sin” knatt å bade ved, eller ein kan oppsøkje nokre av strendene her. Heia har rike muligheiter til å sanke sopp og bær, jakt og fiske.

Bygland har Europas sørlegaste villreinstamme, noko som fører til store utfordringar i kommunen når det gjeld å finne ein god balanse mellom vern og bruk.

Kommunen er langt framme innan breiband og fiber, og er på den måten med i den digitale verda. Ein kan like godt arbeide i Singapore som i Oslo, med base i Bygland. Ein ser og at det vert meir og meir naturleg å tenkje på Setesdal som ein felles arbeidsmarknad. I den forbindelse ligg Bygland midt i dalen med gode arbeidsmoglegheiter.

 

Vegen vidare

· Stimulere til å vise toleranse og vere open for andre kulturar, uttrykk og tradisjonar

· Aktivt nytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi i eit nasjonalt og globalt perspektiv

· Styrke profileringa av Bygland som ein god stad å bu

· Styrke satsinga på barn, ungdom og unge barnefamiliar

Folketal og busetting

Bygland kommune er ein triveleg plass å bu, og det er trygt for barn å vekse opp i oversiktlege lokalmiljø. 1. juli 2013 hadde vi 1202 innbyggarar i kommunen. Sett i eit lengre perspektiv har det vore nedgang i folketalet i Bygland i fleire generasjonar.

Å snu denne utviklinga er hovudmålsetjinga til Bygland kommune.

Kommunen har satsa sterkt på å legge til rette for nye arbeidsplassar, og behalde eksisterande verksemder. Dette har bl.a. ført til at Bygland har fleire arbeidsplassar enn ein "brukar sjølv". Det er betydeleg innpendling frå nabokommunen Evje&Hornnes. Søndre del av Bygland og Evje er ein felles arbeidsmarknad.

Det er nye byggjefelt med på Byglandsfjord og på Bygland, og det er tomter å få kjøpt fleire stader i kommunen.

Skulane i kommunen har i alle år levert gode resultat, og er mellom dei aller beste på Agder. Dei kommunale tenestene er generelt gode, Bygland kommune vart beste kommune i Aust-Agder i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer i 2013.


Næringsliv

Dei største private bedriftene er Byglandsfjord Sag og Bygland Plast. Det er fleire verksemder innan varehandel/hotell, med det kjende Revsnes Hotell på Byglandsfjord som det største. I dei største private verksemdene arbeider tilsaman ca. 200 peronar (heil & deltid). Den største einskildverksemda er Bygland kommune, med sysselsettingseffekt på ca. 135 årsverk. Primærnæringa er viktig med 30 årsverk i jordbruket. Til dette kjem sysselsetting i skogbruket og foredlingsbedriftene Byglandsfjord Sag og Tine sitt meieri på Byglandsfjord.

Den siste 10-års perioden har næringslivet generelt vore prega av sterk omstilling. Kommunen satsar vidare på kompetanseheving og omstilling av det eksisterande næringslivet. Dette skjer via det regionale samarbeidet i Setesdal Regionråd.

I kommunen er det eit stort potensiale for utleige av jakt & fiske. Byglandsfjorden er eit sentralt satsingsområde. Det er ei aktiv jeger- & fiskeforening som disponerer jaktterreng m/hytte for utleige. Fiskekort kan kjøpast i forretningar rundt om i kommunen.


Kultur og fritid

Borna i Bygland har mange tilbod på fritida, og det frivillige organisasjonslivet er aktivt. Ungdomsklubben er kveldsopen måndag og onsdag, og samlar 30-50 undomar kvar gong. Bygland samarbeider med Evje & Hornnes kommune om kulturskule.

I kommunesenteret er det lagt ned mykje midlar på friområdet på Tangen. Her er flott badestrand midt i sentrum og ei nyanlagt småbåthamn. Dette området gjev stor trivsel og godt bumiljø i Byglandsbygda. Det er cafè & pub like ved friområdet, samt eit lite miljø av kunstverksemder i Bygland som vi vonar vil bli utvikla vidare. På Nesmoen nær sentrum er også badeplassen Gullsand.

På Byglandsfjord er badeplassen Vassendkilen, regulert som friområde. I Grendi er fine strender for bading. Andre viktige område er Sines, Dalsbukta, Rakkenes og Reiårsfossen/Osefèti.

Typiske turmål i kommunen er m.a. Årdalsknapen, Tjuvhòla, Fånefjell og Geiteryggen. For heieområda fins turkart med innteikna merka løyper. På vinterstid er en del av løypenettet oppkøyrt for skigåing, og det er fleire lysløyper i kommunen. Om sommaren er det mange fine plassar å reise til med båt på Byglandsfjorden. Frå Byglandsfjord til Ose er det ca. 4 mil med fint farvatn som høver for tur med fritidsbåt.


Geografi og natur

Med eit areal på 1.330,7 km2 er Bygland den nest største kommunen i Aust-Agder fylke når det gjeld flatevidde. Busetnaden ligg i dalsona over ei strekning på omlag 6 mil frå grensa mot Evje og Hornnes kommune i sør til grensa mot Valle kommune i nord.

Dei lågaste områda i kommunen (ca. 200 m.o.h.) ligg ved Byglandsfjorden og Otra, og det høgaste punktet er Reinshornheii (1162 m.o.h.). Største delane av kommunen ligg over 700 m.o.h. Alle vassdrag i kommunen har avlaup mot sør, og dei største er Otra-, Tovdal-, Kvina-, Mons- og Lognavassdraget. Dei to siste har sitt utspring i kommunen og er varig verna. I kommunen er det ca. 250.000 da. produktivt skogareal og ca. 7.500 da. jordbruksareal. Skoggrensa ligg frå 650-700 m.o.h. Anna areal (fjell, myr, vatn, beite og uproduktiv skog) utgjer omlag 80 % av totalarealet.

Kommunen har eit godt innlandsklima. Heiane skjermar dalsona slik at busetnaden er lite plaga med vind. Vinterklimaet er relativt mildt med snø i rimelege mengder, og sommaren er ofte varm i lange periodar. Byglandsfjorden virkar stabiliserande og varmeregulerande på klimaet i dalsona. Skilet mellom vestlands - og austlandsklima går gjennom kommunen. Det har vore klimamålingar på Byglandsfjord attende til år 1907, og på Austad i perioden 1897-1926. Desse gamle målingane viste m.a. at ingen andre målestasjonar i landsdelen har lågare registreringar av tåke.


Geologi / gullfunn

Storparten av grunnen er grunnfjell. Gneis og granitt er dei mest vanlege. Einskilde sprekksoner har gjeve grunnlag for gruvedrift av t.d. kopar. Geologien er lite undersøkt. I 2001 fekk ein greie på at det er registrert gull i fjellet fleire stader i kommunen. I området ved den gamle Hamre-gruva, på andre sida av fjorden ved Bygland sentrum, er det analysert malmprøver som syner at det kan vere nok gull til at det er drivverdige funn.


Offentleg & privat service

Kommunen er stor i areal, og reiseavstanden er over 6 mil frå nord til sør. Innbyggarane har såleis prioritert å få fordela ein del servicefunksjonar også utanom sentrum.

I kommunen er det oppvekstsenter med barnehage og barneskule på Byglandsfjord og på Bygland. På Bygland er det også er ungdomsskule. Kommunen satsar på eit godt skule- og skulefritidstilbod, og alle som ønskjer eller treng barnehageplass skal kunne få tilbod om det.

Vidaregåande skule er det tilbod om på Bygland der vi har KVS Bygland som er ein privat vidaregåande skule. Setesdal Vidaregåande skule har undervisningstilbod i Evje og Hornnes, Valle og Bykle.

I tettstaden Byglandsfjord ligg dei fleste største verksemdene, og her finst alle dei mest vanlege servicefunksjonane for innbyggarane i søndre del av kommunen. Her er også avstanden kort til regionsenteret Evje m.o.t. handel.

Ose er sentrum for nordre del av kommunen, og her finst butikk, posttenester, og diverse småverksemder m.a. cafè, brukskunst og sølvsmed.

Kommunesenteret Bygland er ikkje stort, men effektivt. Det er god plass til å parkere, og innan gangavstand kan ein finne dei mest brukte private & offentlege servicefunksjonar:

* bank & forsikringstenester
* daglevarebutikkar & post
* Bensinstasjon med gatekjøkken og div. småverksemder
* lege- og helsesenter / NAV-sosialkontor / pleie- omsorgstenesta
* soknepresten / kyrkja
* bibliotek / kultur

Setesdal Bilruter L/L har bussamband gjennom Setesdal frå kysten (Arendal/Kristiansand) via Hovden til Haukeli og samband med ekspressruter m.a. til Bergen.