Frå FM til digital radio
11. januar 2017 startar avviklinga av FM-nettet for riksdekkande radiosendingar i Nordland. Utover året følgjer resten av landet etter, og før utgangen av 2017 vil all riksdekkande radio i Noreg vere heildigital. I Agder blir FM-nettet for NRK avvikla den 21. juni. P4, Radio Norge og lokalradioar som ikkje held fram på FM, blir avvikla 15. september.

Når det digitale radioskiftet er ferdigstilt, vil du kunne lytte til riksdekkande kanalar via DAB-nettet, nettradio, appar på mobil eller tv. Mange lokalradioar vil framleis sende på FM og etter 2017. Med unntak av Radio Norge og P4 vil alle riksdekkande kanalar som sendar på DAB (utan pluss) bli flutte over på DAB+ i 2017. Dei fleste DAB+-radioar kan ta inn sendingar på DAB og FM.

Oppdater kanallista 11. januar
Natt til 11. januar vil det både kome nye kanalar og ein gjer endringar i sendarnetta. Blant anna vil alle NRK sine kanalar bli sendte i DAB+ når desse endringane er gjort. Difor vil vi anbefal deg å oppdatere kanallista i DAB+-radioane dine 11. januar, uansett kvar du bur i landet.

Behov for meir informasjon?
Meir informasjon om det digitale radioskiftet og fullstendig slukkeplan finn du på http://www.medietilsynet.no/digitalradio. Du kan og sende spørsmål til digitalradio@medietilsynet.no

Faktaboks

Stortinget har bestemt at radio i Noreg skal digitaliserast. I 2017 blir derfor riksdekkande radio heildigital. Medietilsynet har fått i oppdrag å informere befolkninga om det digitale radioskiftet.

Slukkeplan
Slukkeplan 400.jpg