Her finn du eDialog for Bygland kommune

NB: For å bruke denne tenesta, må du autentisere deg ved hjelp av ID-porten.

Slik fyller du ut skjemaet

Du kan framleis bruke epost for enkle spørsmål som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/arkivsystem. Epost-adressa til Bygland er: post@bygland.kommune.no

Forsendelse av dokument som ikkje er offentlege: Tenesta er godt egna til å sende inn dokument som ikkje er offentlege til Bygland kommune. Kanalen er kryptert og avsendar autentisert. Filene kjem rett inn i kommunen sitt sak/arkivsystem der dei blir fordelt til sakshandsamar.

Vi gjer merksam på at det førebels kun er mogleg å sende dokument i pdf-format.

Slik kan du lage eit dokument til filformat pdf:
Om du skriv eit brev i Word, kan du velge  "Lagre som" og deretter velge filformat pdf.
Det er og mogleg å hente gratis skanne-app anten i App Store eller Google Play. Då kan du scanne dokumentet, lagre det og sende det via e-dialog.