Bygland Frivilligsentral vil no tilby datacafe, kvar onsdag klokka 13.00. Datacafeen er for deg som aldri har nytta data før, deg som kjenner deg noko utrygg på korleis ein gjer det, deg som vil lære meir, eller deg som er ganske god.

Her kan ein ta med eige pc, nettbrett eller smarttelefon.

Kvar samling vil handle om det som er viktig for deg. Ein ønskjer å vise korleis ein sjølv kan hente informasjon, lese avisa, nytte sosiale medier, skrive eit brev, nytte reikneprogram, nytte nettbank, nytte minid og offentlege sider, laste ned eller fjerne apper, nytte my.heritage.com og mykje meir.

Er du erfaren kan du kome likevel, Frivilligsetnralen kan godt ha nytte av hjelp frå deg til å lære vekk det du kan.

Målet med cafeen er at du skal bli sjølvstendig, og sjå på digitale hjelpemidlar som ein ven heller enn ein fiende!
Cafeen i seg sjølve er gratis. Det vert servert te og kaffi, dette vil koste noko