Bind I kom i 2002 og tek for seg gnr 1 til gnr 6: Birkeland, Øvre og Nedre Langeid, Øvre og Nedre Hegland og Ånebjør

Bind II kom i 2003 og inneheld gnr 7 til gnr 12: Nordre og Søndre Sordal, Tveit, Nordre og Søndre Heistad og Moi

Bind III kom i 2005 med gnr 13 til gnr 17: Nordre og Søndre Austad, Ose, Skore og Kile

Bind IV kom i 2006 og tek til med ei generell innleiing for Åraksbø. Vidare finn ein gnr 18 til gnr 25: Nordre og Søndre Frøysnes, Nordenå, Gakkestad, Lidtveit, Haugetveit, Rosevall og Segberg

Bind V kom ut våren 2008 og inneheld resten av Åraksbø, gnr 26 til gnr 31: Stoplestog, Nedstoga, Eldhuset, Nordgarden, Nordre og Søndre Haugen

Bind VI kom i 2009 og inneheld gnr 32 til gnr 34: Nordre og Søndre Sandnes og Skomedal

Bind VII inneheld gnr 35 til gnr 38: Nese, Kvåle, Skreland og innleiing for Jordalsbø og Nørstebø

Bøkene kan kjøpast desse stadane:
 

Rysstad Setesdalsmuseet
Ose Coop Ose
Bygland Haugå Landhandel, Joker Bygland, Setesdølen og Bygland folkebibliotek
Byglandsfjord Coop Marked
Evje Sparebanken Sør, Setesdalstrykk
Du kan og tinge bøkene frå Bygland kommune. Boka vil då bli sendt ut med rekning, med tillegg av porto

Bøkene kostar kr. 400.- pr. stk