Trolls.jpg

Kl 15:00: Trolls - aldersgrense ikkje spesifisert
No blir vi endeleg kjente med DreamWorks Animation sine nyaste skapningar - nemleg TROLLS! Det er eit fargesprakande, eventyrleg og musikalsk univers vi treffer på. Det er dei same som har laga desse som tidlegare laga Shrek. I hovedrollane møter vi Poppy som den optimistiske leiaren av trolla, og hennar motpol, Branch. Saman legg dei to ut på eit eventyr som tek dei langt utafor den verdenen dei nokonsinne har kjent.

Burning 2.jpg

Kl 17:00: Børning 2 - Aldersgrense 6 år
Når Roy Gundersen slepp ut av fengsel etter to år for å ha delteke i eit ulovleg gatebilløp, er han fast bestemt på å få livet sitt tilbake på skinner. Han har nådd botnen, er slått konkurs, og i eit forsøk på å forbetre livet sitt og vere ein god rollemodell for dattera Nina, begynner han å jobbe på ein bensinstasjon.

Når Roy sin gravide kjærast arrangerer ein "ute av fengsel"- fest, dukkar nokre av hans gamle billøpfiendar opp og utfordrar han til å vere med på eit nytt løp. Løpet skal starte i Fosnavåg og deretter gå gjennom Sverige og Finland før det ender opp i Murmansk. Roy nektar. Han prøver å halde seg på matta og vil heller bruke tida si på Nina enn å kjøre billøp. Men, når Roy finn ut at Nina skal vere med på løpet saman med kjærasten sin Charlie, må han forsøke å stoppe henne!

Løpet blir vilt og vanskeleg, over fjell, glatte vegar og isete innsjøar. Det blir og ei jakt mellom bilane og politiet. Dei gjer alt dei kan for å stoppe løpet!