Først ut kjem "Ekspedisjon Knerten" klokka 15.00. Lillebror flyttar med Knerten og familien sin til Vestlandet, men han drøymer om endå større ekspedisjonar. Lillebror drøymer om å vere polfarar som kjempar seg gjennom snøen mot polpunktet.
Han vil ha massevis og lassevis av snø til jul, men det er ikkje eit fnugg snø på stedet Lillebror og Knerten har flyttet til. Det bare regner i bøtter og spann, men på fjellet skal det ligge ein masse snø.
Plutselig ein dag har Knerten kome vekk! For å redde vennen sin, snik Lillebror seg ut på ein farefull ekspedisjon, og da må også far dra av garde for å finne de to bestevenene. Oppe på fjellet blir alle overrasket av ein snøstorm og dermed får Lillebror og Knerten meir snø enn dei kunne drøyme om. Som om ikkje det var nok, dette hender på sjølvaste jolekvelden!

 

Klokka 17.00 syner med "Justice League". Drevet av si gjenoppdaga tru å menneskeheita og inspirert av Supermans usjølviske handling, søkjer Bruce Wayne hjelp i sin nye allierte, Wonder Woman, i kampen mot ein endå større fiende.
Saman jobber Batman og Wonder Woman for å finne og rekruttere eit lag av superheltar, som kan kjempe saman mot ein nylig vakna trussel. Trass i opprettïnga av denne hittil skjulde gruppa av helter - Batman, Wonder Woman, Aquaman, Cyborg og Flash - kan det kanskje allereie vere for seint til å redde planeten frå eit angrep av katastrofale dimensjonar.

 

Siste filmen denne kvelden startar klokka 19.00 og er den krititkarroste filmen "Natta pappa henta oss". Da mor til Steffan døde følte han ingenting. Ikkje sorg. Ikke var han letta. Korleis vart det slik? Regissør Steffan Strandberg forsøker i denne filmen å forsone seg med barndomen hos ei mamma som valde flaska framfor barna - og om natta som ble avgjerande for han og lillebroren. I ei pandoras eske av fortrengde minnar dukker både morsomme høgdepunkt, spanande eventyr og såre etterspel opp, og livets mysterium verker uhåndgripeleg.
Gjennom gamle super 8-filmer, animasjon og nye filmopptak gjenskapar Steffan sommaren han var 11 år, sommaren som forandra alt.