Førebyggjande arbeid retta mot barn og unge handlar først og fremst om å leggje til rette for eit godt oppvekstmiljø for alle; gode, trygge lokalsamfunn og informasjons- og haldningsarbeid. Ei av dei største utfordringane rundt førebyggjande arbeid er å tenke heilskapleg og å samordne innsatsen på tvers av fagområda. Prosjektet Barn i rusfamilier skal heve kompetansen til tilsette som kjem i kontakt med barn og unge i risikoutsetta livs-og-omsorgssituasjonar.

Prosjektet skal utvikle tverrfagleg samarbeid til det beste for desse barna og deira familiar. Bygland kommune har forplikta seg til å delta og gjennomføre programmet i alle einingar som kjem i kontakt med målgruppa.

Bygland kommune vel å utvide prosjektet til å omfatte alle barn og unge vi bekymrar oss for; Barn som bekymrar. Grunnen til dette er at teikn og symptom på at eit barn strevar kan ha ulike årsakar. Når vaksne har det vanskeleg vil det kunne påverke barna uavhengig om det er rus, psykiske lidingar, sorg eller andre livsutfordringar.

Det er sett ned ei tverrfagleg  ressursgruppe:

  • Kjersti Plathe, tenesteleiar Helse (koordinator).
  • Katharina Skavoll, Tenesteleiar Byglandsfjord oppvekstsenter (nestleiar).
  • Wenche Mauland, spes.ped.koordinator, Byglandsfjord oppvekstsenter.
  • Ann Cecilie Attestog, rådgjevar, Bygland oppvekstsenter.
  • Sigrid Greibrokk, ass.tenesteleiar, Bygland oppvekstsenter.
  • Øyvind Kjetsaa, leiar PPT.
  • Marie Lovise Johnsen, leiar, Setesdal barnevern.
  • Gunn Helene Neset, interkommunal ruskonsulent.
  • Margrethe Mosdøl, helsesøster.

Ressursgruppa skal lage ein lokal rettleiar: Frå bekymring til handling. Ressursgruppa skal og ha ansvar for felles opplæring og vere ein pådrivar for å utvikle og vedlikehalde gode samarbeidsrutinar i kommunen.

For meir informasjon, sjå: http://www.barnirusfamilier.no