Språkkafé på Byglandsfjord

Språkkafé på biblioteket på Byglandsfjord: ein møtestad der du møter menneske som treng å øve på å snakke norsk.
Me vil gjerne ha med fleire frivillige, og du treng ikkje møte kvar gong. Stikk innom når du har tid. 🙂

Å delta på språkckfé er givande for alle deltagarar, du treff trivelege menneske og du får utdelt spel eller andre oppgåver til grunnlag for samtala. Me serverer kaffi/te og noko å bite i.

Når: annan kvar måndag i oddetallsvekar, kl. 12.00 - 13.00.
Neste: 20.november, 4. og 18. desember

Stad: Biblioteket på Byglandfjord (stasjonsområde)

Arrangør: Flyktningtenesta i Bygland kommune
: Byglandsfjord bibliotek
Tid: mandag 6. mai 12:00